Politikken

original_1478644025_4334252

Ordførar Petter Sortland

Høyanger kommune er ein god kommune å bu i.  Vi leverer gode tenester til alle våre innbyggarar, både unge og eldre.  Slik skal det også vere i tida som kjem. Saman med kommunen vil Høyanger Arbeidarparti legge til rette for at eksisterande bedrifter kan vekse og tilsette fleire folk.   Vi vil legge til rette for at det vert skapt nye, attraktive arbeidsplassar innan tenesteyting, havbruk, miljø og fornybar energi. Vi vil framleis arbeide saman med fagrørsle, lokal verksleiing og sentrale myndigheiter for at Hydro investerer i ein ny hall B i Høyanger.

I 2020 vil Høyanger kommune bli utvida med bygdene Lånefjorden og Nessane. Om lag 100 nye innbyggarar og spanande, solide bedrifter vil bli tilført kommunen. Høyanger Arbeidarparti ønskjer alle velkomne til Høyanger kommune! Vi vil arbeide for å etablere tenlege møtearenaer og å få til samarbeid tufta på openheit, tillit og respekt både for våre «nye» innbyggarar og næringsliv.   

Høyanger Arbeidarparti har stort fokus på skule og oppvekst!  Vi vil halde fram arbeidet med oppretthalde kvaliteten i skule/SFO og barnehage i ei tid der tal elevar i barnehagar og grunnskular går ned.  Vi vil også arbeide for å oppretthalde Høyanger vidaregåande skule og halde fram satsinga på «Høyangerskulen 8-13».  Eit godt desentralisert tilbod om vidaregåande opplæring er eit viktig tiltak for auka gjennomføring.

Innan helsesektoren vil vi arbeide for å sikre kvalitet og kompetanse slik at vi kan møte dei stadig auka krava til kommunane som ligg i samhandlingsreforma.  Vi vil ha eit særleg fokus på rehabilitering, rusførebygging og rusbehandling, psykiatri og akutthjelp/døgntilbod til pasientane. Arbeidet med å  tilby flest mogeleg av våre tilsette heile, faste stillingar må vidareførast i komande periode.