Uttale frå Høyanger AP - flyktingsituasjonen under Covid-19
Høyanger Arbeidarparti stiller seg bak Arbeidarpartiet sin flyktningpolitikk. Landsmøtet 2019 vedtok at vi skal auke talet på kvoteflyktningar frå FN. Dette er både bra og rettferdig. Samstundes tilseier den ekstraordinære situasjonen med pandemien at vi i tillegg tek vår del av dugnaden for å ta imot einslege mindreårige frå leirane.
I flyktningleiren i Moria er det 7500 born som manglar reint vatn, sanitærtilhøve og tilstrekkeleg medisinsk hjelp. Det som skulle vera ein mellombels leir for 3000 flyktningar, husar no 22 000 menneske. Tilstanden i leiren har vore kjent i lang tid. Vi veit kva Covid-19 har ført til på stadar med godt helsevesen, kva skjer når Covid-19 kjem til Moria?
Ei brei fellesløysing i Europa let vente på seg. I påvente av det bør Noreg slutte seg til Tyskland, Frankrike, Portugal, Irland og dei andre landa i Europa som tek i mot mindreårige born frå flyktningleirane. Samstundes må det gjennomførast umiddelbare grep for å sikra at menneska i Moria får reint vatn, gode sanitære tilhøve og medisinsk hjelp. Arbeidarpartiet har vedteke ein solidaritetspott på 5 milliardar kroner. Her må regjeringa levere. Mottakarlanda treng dette sårt.
Verda er i ein unntakstilstand. No må vi ta grep. Dette handlar om å visa solidaritet. Partiet vårt har sterke tradisjonar for å foreine verdiane med praktisk politikk. I tillegg til å ta imot fleire kvoteflyktningar, må vi difor få sett i verk eit hastetiltak for å sikra at Noreg medverkar til å evakuere og ta i mot born frå Moria.
Dersom Noreg seier ja til å ta i mot mindreårige barn frå leiren, vil Høyanger Arbeidarparti vere positive til å ta i mot barn i Høyanger kommune.