Slå ring om vidaregåande skule

Sogn og Fjordane har med den beste vidaregåande utdanninga i landet. Både når ein måler opp mot resultat, gjennomføring eller mot lite fråfall, ligg Sogn og Fjordane i landstoppen. Dette tilseier både at fylket sine vidaregåande skular er gode utdanningsinstitusjonar, og at mykje har vore gjort rett i tilretteleggjing av vidaregåande utdanning i fylket vårt.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti meiner den desentraliserte skulemodellen Sogn og Fjordane har, er ein av suksessfaktorane i dette biletet. At ungdommen i Sogn og Fjordane i stor grad har mogelegheit til å gjennomføre vidaregåande utdanning i sitt eige heimemiljø, meiner vi er det beste tilbodet Sogn og Fjordane kan gje ungdommen sin.
Det er eit paradoks i denne samanhengen, at Sogn og Fjordane med sin desentraliserte struktur, og med relativt små einingar, likevel har den prosentvis største delen hybelbuarar i landet. Dette seier noko om busetnadsmønster og folketettleik, som og må tilleggjast vekt. I dette biletet vert det svært viktig å arbeide for å oppretthalde ein desentralisert struktur for vidaregåande utdanning i fylket vårt.
Arbeidet med skulebruksplanen vinteren og våren 2013, viste med all mogeleg tydelegheit kor viktige dei vidaregåande skulane er i dei lokalsamfunna dei er lokaliserte. Engasjementet i heile Sogn og Fjordane var svært stort, og synte tydeleg at vidaregåande utdanning er eit av dei viktigaste tenestetilboda fylkeskommunen yter, og at det opptek innbyggjarane i fylket.
Sogn og Fjordane Arbeidarparti er av den klare meining at strukturen som vart lagt i skulebruksplanen er framtidsretta. Sjølv om den økonomiske driftssituasjonen i kommande periode ser ut til å verte hardt pressa, meiner vi framleis at skulestrukturen er framtidsretta, og vi vil arbeide sterkt for å oppretthalde noverande struktur. I Arbeidarpartiet sine auge er dette å setje elevane i fokus. Å kunne gje så mange som råd eit tilbod om vidaregåande utdanning i nærleiken av eigen heimstad.
Fag- og yrkesutdanninga sin status som utdanningsveg må vektleggjast og styrkast. Ved sida av å gje eit utdanningstilbod elevane ynskjer å søkje seg til, er oppgåva å utdanne arbeidskraft som offentleg og privat næringsliv treng, ei av dei viktige rollene til dei vidaregåande skulane. Arbeidarpartiet meiner skulane sin funksjon som samfunnsaktørar, gjerne i tett samarbeid med lokalt næringsliv er ein svært viktig faktor for vekst i lokalsamfunna og i fylket.
Det er fagarbeidaren, eller jentene og gutane på golvet om ein vil bruke eit gamalt uttrykk, som enten det er i industri, handverk eller som tenesteytar i offentleg sektor, byggjer samfunnet og fylket vårt vidare. For Arbeidarpartiet er det viktig å tydeleggjere verdien av fagarbeidaren som den produserande og verdiskapande kraft i samfunnet.
Tilgangen på læreplassar er ein viktig faktor for at fleire skal kunne utdanne seg til fagarbeidarar. Det er viktig at bedrifter både i offentleg og privat sektor framstår som godkjente lærebedrifter. For næringslivet i Sogn og Fjordane er dette ein god måte å rekruttere arbeidskraft på, samstundes som ungdommane får fullføre utdanninga som dei ynskjer.
Arbeidarpartiet ser det som ei av dei viktigaste oppgåvene også i kommande periode, å kunne tilby eit godt og desentralisert vidaregåande skuletilbod i Sogn og Fjordane. Likeeins er arbeidet for å styrke fag- og yrkesutdanninga viktig for å kunne gje ungdommen ei fullverdig praktisk utdanning, og samstundes utdanne arbeidskraft som samfunnet treng i åra framover.
Henrik Oppen
- fylkestingskandidat